Heile tekstar versus utdrag - kva tekstar vel noresklærarane?
Introduksjon
I dette blogginnlegget vil eg forsøkje å presentere innhaldet
i artikkelen «Hele tekster versus utdrag – hvilke tekster velger norsklærerne?»
av Sigrid Skaug og Marte Blikstad-Balas. Eg vil også forklare kvifor eg meiner
den er relevant for faget Nord2600 Norsk som literacy fag.
Presentasjon av artikkelen
Fyrst av alt bør me sjå på kva som er målet med denne
artikkelen, med andre ord kva forfattarane ynskte å finne ut. Denne
artikkelen har som mål å finne ut to ting: Kva skjønnlitterære utdrag og heile
verk vel norsklærarar å bruke i litteraturundervisninga, og kva er lærarane
sine haldningar til lesing av skjønnlitterære utdrag og heile verk (Skaug og Blikstad-Balas, 2019).
Artikkelen tek utgangspunkt i ei spørjeundersøking av 153 norsklærarar i vg3.
Spørjeundersøkinga innehaldt både fleirvalsspørsmål der deltakarane vel eit
alternativ etter kor einige dei er i ulike påstandar. Det vart også brukt opne
spørsmål, til dømes når lærarane skulle opplyse om kva verk dei brukte i
undervisninga si. Gjennom denne undersøkinga har dei komme fram til ei rekkje
interessante funn kring litteraturbruken i norskklasserommet, og læraranes
haldningar til den litteraturen som vert nytta. Etter resultata å døme, ser det
ut til at forfattarane har funne tilfredsstillande svar på forskingsspørsmåla
sine. Når det gjeld kva skjønnlitterære verk som vert brukt, ser det ut til at
tekstar frå 1800-talet er i fleirtal, og særleg Ibsen utmerkar seg som ein
mykje brukt forfattar. Dette påpeikar Skaug og Blikstad-Balas at kan tyde på at
det finst ein skjult litterær kanon i norskfaget, til tross for at læreplanen
ikkje lenger set krav til at bestemte verk skal brukast i norskundervisninga (Skaug og Blikstad-Balas, 2019).Eit
anna funn kring bruken av skjønnlitterære verk er at fleirtalet av tekstane som
vert brukt er utdrag, medan det vert lese få heile verk. Dette vert begrunna
med at lærarane ikkje har tid til å lese gjennom mange nok verk til å få
tilstrekkleg breiddekunnskap om dei kunn skal lese heile verk. I resultata kjem
det også fram at dei fleste skjønnlitterære tekstane som var brukt i
undervisninga, kom frå lærebøker. Altså har læreverkforlaga stor innverknad på
kva slags tekstar som vert lese i litteraturundervisninga.
Vidare viser resultata at lærarane som deltok i
undersøkinga i stor grad har ulike haldningar til utdrag og heile tekstar.
Medan heile tekstar vert sett på som ein måte å sjå heilskap og samanheng, vert
utdrag sett på som «fragmentert arbeid der man mister sammenhengen» (Skaug og Blikstad-Balas, 2019).
Lærarane i undersøkinga uttalar seg også meir positivt om det å lese heile
verk, medan dei er meir kritiske til bruken av utdrag. Denne tendesen er særleg
interessant i ljos av at undersøkinga viser at lærarane brukar meir utdrag enn
heile tekstar, til tross for at dei har meir positive haldningar til bruken av
heile verk. Likevel viser funna i artikkelen at utdrag og heile verk vert brukt
på forskjellege måtar og til forskjellege formål. Utdraga vert oftare brukt for
å skaffe oversikt, eller gi døme på andre tema som elevane arbeider med, som
til dømes litteraturhistoriske epokar, litterære virkemiddel og liknande. På
den måten vert utdraga brukt for å jobbe med andre ting enn sjølve teksten. I
artikkelen vert dette oppsummert slik: «Dette viser at forståelse av det litterære verket i
seg selv ikke nødvendigvis er hovedformålet med lesing av utdrag, men heller at
arbeid med utdrag er et middel for å oppnå forståelse for aspekter som ligger
utenfor det litterære universet.» (Skaug og Blikstad-Balas, 2019).
Drøfting
Til no har me fokusert mykje på funna i artikkelen
«Hele tekster versus utdrag – hvilke tekster velger norsklærerne?». Men kva har
eigentleg desse funna med literacy å gjere? Det er det me skal fokusera på
resten av denne teksten. For å kunne knytte denne artikkelen til literacy, og
nærare bestemt forklare korleis den er relevant for Nord2600 Norsk som
Literacy-fag, lyt eg trekkja inn ein av pensumtekstane i faget. I Skjønnlitteratur
i skolen i et literacy-perspektiv nemnar også Penne dette med litteratur
som middel i klasserommet. Ho påpeiker at når ein bruker skjønnlitteratur som
middel for å lære andre ting, i staden for å ha litteraturen som mål i seg
sjølv, får ein ikkje undervisning i fiktive lesemåtar (Penne, 2013). Penne forklarar omgrepet fiktive
lesemåtar som «[…] å konstruere en hermeneutisk under leseprosessen. Denne
helheten er erkjent fiktiv av den metabevisste og litteraturvante
leseren.» (Penne, 2013).
Dersom ein foreinklar dette veldig kan det seiast at fiktive lesemåtar handlar
om å kunne lese skjønnlitteratur på ein annan måte enn ein les sakprosa, å
forstå skjønnlitteratur som noko fiktivt, ikkje som sannheit. I artikkelen til
Skaug og Blikstad-Balas kjem det fram at utdrag, som utgjer fleirtalet av
tekstane som vert arbeida med i litteraturundervisninga, vert arbeida med på
ein måte som visar lesaren ut av teksten. Utdraga vert brukt for å undervise om
andre tema enn litteratur, og dette kan tenkjast å ha konsekvensar for
literacy-utvikling. Penne knyttar utviklinga av fiktive lesemåtar tett opp mot
literacy-kompetanse, og på eit vis handlar fiktive lesemåtar om å utvikle
fagspesifikk literacy-kompetanse for skjønnlitteratur. Når mykje av
litteraturundervisninga då foregår ved at ein brukar teksten som middel i
staden for mål, kan dette tenkjast å bidra minder til utviklinga av fiktive
lesemåtar, og dermed også gi minder utvikling i literacy-kompetanse enn det
arbeid med heile tekstar ville gitt.
Om me no tek eit steg tilbake, kan me sjå at måten
ein arbeidar med tekst på i norskfaget, direkte kan påverke kva slags
literacy-kompetanse elevane tileignar seg. Difor vil altså ein artikkel som den
som vert presentert i denne teksten vere svært relevant for norsk som
literacy-fag, fordi den gir oss eit innblikk i korleis skjønnlitteratur vert
brukt i norskundervisninga.
Rett nok kan ein argumentera for at fokuset i Skaug
og Blikstad-Balas sin artikkel ikkje nødvendigvis ligg på korleis
skjønnlitteratur vert brukt til å forbetre literscy i skulen, og at artikkelen
dermed er minder relevant en andre artiklar som kanskje fokuserer meir direkte
på literacy i norskfaget. Samstundes vil eg påstå at fokuset i artikkelen i dette
tilfellet ikkje undergrev funna som kjem fram i artikkelen. Lesing og
kompetanse i arbeid med tekst står i kjernen av literacy-feltet, og eg vil
argumentera for at meir forsking på kva tekstar elevane møter i norskfaget, og
korleis desse tekstane vert brukt, er nødvendig for å danne seg eit bilete av
literacy i norskfaget. Di meir me veit om tekstbruken i norskundervisninga, di
meir kunnskap har me å basere vidare forsking på.
Kjelder:
Penne, S. (2013) Skjønnlitteraturen i skolen i et
literacy-perspektiv. S. 42-54.
Skaug, S., Blikstad-Balas, M. (2019) Hele tekster
versus utdrag – Hvilke tekster velger norsklærerne?, Nordic Journal of
Literacy research. 5(1), S. 85-117. Tilgjengeleg frå: https://nordicliteracy.net/index.php/njlr/article/view/1566/3374
Skrive av Ellen Sofie Eiken Helle
Skrive av Ellen Sofie Eiken Helle

Hei!
SvarSlettDu har skrevet et godt og ryddig blogginnlegg. Du har en sammenhengende og tydelig struktur i teksten noe som gir flyt når en leser. Presentasjon av artikkelen var informativt, og du har klart å trekke ut det viktigste ved den. I første del av drøftingen din klarer du fint å knytte artikkelen du har valgt til literacy-faget. Det jeg savner i drøftingen er kanskje å trekke inn andre artikler for å forsterke argumentene dine, og kanskje se om bruk av tekstutdrag i norskundervisningen kan være relevant for noen (tilpasset undervisning) og om det kan knyttes til literacy. Jeg liker også avslutningen din som oppsummerer kjernen i artikkelen du har valgt, og påpeker utfordringer knyttet til den.